Now hiring

Tilkallingsvikar @ TOMREFJORD SKULE

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

  • Stillingstype Vi ser etter engasjerte tilkallingsvikarar til både skule og SFO.
  • Vikariata kan gjelde oppgåver både som lærar og assistent.
  • Arbeidsoppgåver Delta i undervisning og læringsarbeid i skulen.
  • Følgje opp elevar fagleg og sosialt i samarbeid med øvrige tilsette.
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø.
  • Vere ein aktiv del av personalet ved skulen og i SFO.
  • Leggje til rette for aktivitetar og trivsel i SFO.
  • Praktiske oppgåver og tilrettelegging knytt til den daglege drifta.
  • Følgje skulen sine rutinar og planar.
  • Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn og unge.
  • Lærarutdanning, vernepleiarutdanning, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant kompetanse er ønskjeleg.
  • Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar, kan andre søkjarar også verte vurderte.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel.

Politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar Vi ønskjer at du: er positiv, aktiv og engasjert har gode samarbeidsevner er ein tydeleg og trygg vaksenperson viser omsorg og respekt for barn og unge bidreg til eit godt arbeidsmiljø er fleksibel og kan stille på kort varsel ved behov er stabil og ansvarsbevisst kan arbeide sjølvstendig og i team tek imot rettleiing og bidreg til utvikling og læring Vi tilbyr Ei meiningsfull og variert arbeidshverdag. Moglegheit til å arbeide med barn og unge i eit positivt læringsmiljø. Eit inkluderande og godt arbeidsfellesskap. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess.

Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju fortløpande.

Referansar Oppgi referansar Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores