Now hiring

Driftsoperatørar og tilkallingsvikarar @ SIMAS IKS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Som driftsoperatør blir du ein del av laget som står for den daglege drifta av miljøstasjonane våre. Arbeidskvardagen er variert og inneber mykje kontakt med kundane våre. Du vil mellom anna rettleie om sortering, ta imot og handtere ulike typar avfall og bruke truck, maskiner og anna arbeidsutstyr. Arbeidet blir utført både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Som tilkallingsvikar vil arbeidstid og arbeidsmengde variere etter behov. Fleksibilitet og høve til å stille på relativt kort varsel vil vere ein fordel Arbeidsoppgåver Drift av miljøstasjonar Kundehandsaming og rettleiing Sortering av diverse avfall, mellom anna farleg avfall Mottak, kontroll og registrering av farleg avfall Bruk av truck og maskiner Ulike transportoppdrag Andre oppgåver som naturleg høyrer til drifta Ynskjeleg erfaring og kompetanse Førarkort klasse B Truckførarbevis Erfaring med truck, maskiner eller anna arbeidsutstyr Erfaring frå avfallsbransjen, miljøstasjon, logistikk eller anna praktisk arbeid Grunnleggjande IT-kunnskap Erfaring frå kundehandsaming eller service Du treng ikkje å kunne krysse av på alt.

Relevant erfaring, motivasjon og dei rette personlege eigenskapane kan vege opp for manglande formell kompetanse.

  • Me ser etter deg som Er serviceinnstilt og trivst med kundekontakt Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre Er strukturert, påliteleg og tek ansvar Ser kva som må gjerast og tek initiativ Er fleksibel og kan stille opp når drifta krev det Er villig til å lære og setje deg inn i nye arbeidsoppgåver Trivst med fysisk og praktisk arbeid Me tilbyr Ein variert og praktisk arbeidskvardag Meiningsfylte arbeidsoppgåver hos ein viktig miljøaktør i Sogn Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing Løn etter eigen lønstabell Pensjonsordning i KLP Moglegheit for lengre arbeidsperiodar dersom behovet oppstår Arbeidstid og arbeidsstad Arbeidstid og arbeidsstad vil variere etter behov og gjeldande vaktplan.

Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til miljøstasjonane våre, og det må påreknast arbeid på ulike lokasjonar etter behov.

For kandidatar som ønskjer meir arbeid over tid, kan det bli aktuelt med lengre vikariat eller større stillingsomfang dersom behovet i drifta endrar seg.

Om arbeidsgiveren: SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsame avfall frå hushaldningar og verksemder.

Skills

IT

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores