Now hiring

Miljøterapeut ved LA-senteret @ STAD KOMMUNE BU OG MILJØ NORDFJORDEID LÆRINGS- OG AKTIVITETSSENTER

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Stad kommune har ledig vikariat som miljøterapeut ved Lærings- og aktivitetssenteret (LA-senteret) på Nordfjordeid. 100 % stilling frå 01.01.2027 til 30.09.2027. Vikariatet kan bli forlenga.

Målet til kommunen er å samordne aktivitetstilbod med låg terskel for deltaking for fleire brukargrupper i alderen 18-67 år som er utanfor det ordinære arbeidslivet. LA-senteret høyrer til i LA-bygget på Langeland, Nordfjordeid. Senteret deler lokale med eininga Opplæring og integrering i Stad kommune, og med attføringsverksemda Movia. LA-senteret er organisert under eininga Bu- og miljøtenesta i Stad kommune.

  • Vi søkjer etter ein person som saman med leiar og andre kollegaer kan vidareføre og utvikle LA-senteret som ein arena for aktivitet og læring for brukarar med ulik kompetanse, interesser, ønske og behov for bistand og rettleiing.
  • Senteret skal fremje trivsel, sosialt fellesskap, tryggleik, respekt og meistring og samarbeide tett om desse målsetjingane med tenestemottakarane, pårørande, frivillige, næringslivet og andre kommunale tenestetilbod.
  • Arbeidsoppgåver Organisere gode og meiningsfulle arbeidsoppgåver/aktivitetar i produksjonshall, kantine, arbeidsverkstad og BUA (utlån av fritidsutstyr) i samarbeid med fagleiar og andre tilsette.
  • Medverke til aktivitet og læring gjennom samarbeid med næringslivet, frivillige organisasjonar og andre Motivere, rettleie og støtte tenestemottakerar til å delta og oppleve meistring i arbeid/aktivitet.
  • Sikre god kvalitet og høg kundetilfredshet på vare- og tenesteleveransar.
  • Kontakt med kundar og eksterne samarbeidspartnerar.
  • Kvalifikasjonar Primært ønskjer vi søkjarar med relevant utdanning på høgskulenivå innen pedagogikk eller sosialfag.
  • Fagarbeidarar innan t.d. helsefag, snekkarfaget eller kokkefaget kan bli vurderte.
  • Personar utan formell kompetanse, men med erfaring frå lignande arbeid kan bli vurderte til stillinga.
  • Den som vert tilsett må ha både kunnskap om og interesse for ulike kreative aktivitetar og handarbeid Du har gjerne erfaring frå liknande arbeid ved dagsenter, lærings- og aktivitetssenter eller frivillig arbeid Stillinga krev kompetanse om korleis ein kan motivere, lære og skape gode aktivitetar for dei som har arbeidsdagen sin på LA-senteret.
  • Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og god kommunikasjon skriftleg og munnleg Trivast med å arbeide saman med andre mot eit felles mål Evne til å motivere andre menneske Personlege eigenskapar og evne til å ta initiativ vil bli vektlagd
  • Vi tilbyr Høve til å forme gode jobb- og læringsaktivitetar Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Dagarbeidstid kl. 08.00 -15.30 måndag til fredag Senteret er stengt fire veker på sommaren og i romjula, ferie vert avvikla i forbindelse med dette.

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi gjer merksame på at etter §25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar opmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.

  • For nærare opplysningar, kontakt fagleiar Jannike Sundal tlf.
  • 97 57 25 41

KontaktinformasjonJannike Sundal, Fagleiar LA-senteret, 95127314, [email protected] ArbeidsstadLangelandsåsen 21 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5210963099 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust.

Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim.

Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores