About this role
Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag, er ansvarsfull og likar å jobba med eit fysisk krevjande yrke. Du gjer ting nøye og kvalitet er viktig for deg.
Me har ledig fast stilling som reinhaldsoperatør i Kjølvikstølen barnehage frå og med 01.01.2027. Reinhaldsavdelinga ligg under Teknisk Drift. Barnehagen ligg midt på Ropeidhalvøya, lokalisert saman med grendehus, idrettsbane og ved sidan av Kjølvikstølen bustadfelt. I Kjølvikstølen er det ein småbarnsavdeling og ein storbarnsavdeling. Om stillinga: Stillingsstorleik: 25%Stillingstype: Fast Arbeidsstad: Kjølvikstølen barnehageTidlegare oppstart kan avtalast.Arbeidsstad/oppmøtestad kan bli endra dersom andre bygg må pioriterast.
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig anna stillingsstorleik.
Arbeidsoppgåver: Arbeidsoppgåver er dagleg og periodisk reinhald Arbeidsdagar er måndag-fredag mellom 7.00-17.00Arbeidet vert utført på dagtid.
Kvalifikasjonar: Erfaring innan reinhaldsfaget Fagbrev som reinhaldsoperatør. Andre kan og søkja men vil då bli tilsett som reinhaldar.
Kunna arbeide sjølvstendig og trivast med å arbeide saman med andre. Kunna planleggja eigen arbeidsdag, vera løysingsorientert og fleksibel.
Evne til å takle ulike utfordringar som andre kan haEvne til samarbeid med andre yrkesgrupperGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Hjå oss i Suldal kommune får du: Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLPBedriftshelsetenesteLøn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverkNynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysningar: Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervjuDet er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding.
Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadarKontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarlisteSlik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00 Velkomen som søkjar!
Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av all kommunal bygningsmasse, uteareal, vegar og vatn og avløp.