About this role
Er du sjukepleiar eller vernepleiar med interesse for psykisk helse og rus? Vi har no ledig 2 x100 % fast stilling som miljøterapeut ved DPS Døgn Kristiansund, med tilsetting frå snarast. Arbeidet er i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Vi søkjer engasjerte, fagleg trygge og positive sjukepleiarar eller vernepleiarar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for pasientane våre. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus er ein fordel. DPS Døgn Kristiansund er ein del av Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal og har 18 sengeplassar.
Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med psykiske lidingar, med særleg vekt på eit aktivt og målretta miljøterapeutisk tilbod. Vi samarbeider tett med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, engasjerte kollegaer og eit sterkt fokus på kvalitet og utvikling. Vil du vere med og skape trygge netter og gode behandlingsforløp? Då håper vi å høyre frå deg!
- Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av personar med psykiske vanskar Delta i tverrfagleg miljø Delta/leie ulike pasientgrupper i miljøterapi, treningsgruppe, undervisning Administrere medikament Rettleie studentar og personale Undervise pasientar og personale Psykoedukasjon til pasientar og pårørande Ansvarsvakter med hovedansvar og kordinering for drift i miljøet Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande utdanning Sjukepleiar/vernepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkje Erfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagt Gode munnlege og skriftleg norskkunnskaper Førerkort klasse B Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetting Personlege eigenskapar Du er fleksibel, initiativrik, kreativ og positiv Du trivast med friluftsliv og anna aktivitet Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
KontaktinformasjonEli Skaug, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadNorddalsveien 37 6516 Kristiansund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5208412820 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 07.12.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.
Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.
Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal