About this role
Eining for reinhald er ein del av sektor Teknikk og miljø, og har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har kontor ved Husnes vassverk, men reinhaldsoperatørane utfører arbeidet sitt ute på dei ulike kommunale bygga. Omtale av stillinga Stillinga vil ikkje vera knytt til eit bygg. Reinhaldet vert utført på diverse bygg i kommunen, samt praktisk bistand i heimane.
Vi søkjer person som har/kan: fagbrev eller praksis / erfaring frå reinhaldsyrke nytta digitale flater som teams, e-post og webbaserte system. kommunisera på norsk munnleg og skriftleg evne til å vera fleksibel og serviceorientert høg arbeidskapasitet jobbe sjølvstendig og i team sertifikat klasse B Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr: Tilsetjing etter gjeldande kommunlae vilkår (HTA og AML) Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø Ingen eigedomsskatt for hus og hytter pr. idag Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta kr 25 000,- av studielånet, sjå her Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd Søknad vert å senda : Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)