About this role
Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har ledige to ferievikariat for medisinstudentar i perioden 15.06.202 - 15.08.2027. Seksjon rus har 10 døgnplassar og gir tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Seksjonen har ei tverrfagleg personalgruppe - her arbeider mellom anna psykologspesialist, sosionom, overlegar, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose - og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her arbeider mellom anna psykologspesialist, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Søkjarar som kan arbeide i heile ferieperioden vil kunne bli prioriterte. Det er derfor viktig at du opplyser tydeleg i søknaden kva periode du kan arbeide.
Arbeidsoppgåver Pasientansvarleg koordinator Pasientbehandling Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet Kvalifikasjonar Legelisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Personlege eigenskapar Strukturert Sjølvstendig Gode kommunikasjonsevner Trivst med å jobbe i tverrfagleg team Personlege eigenskapar vert vektlagde Vi tilbyr Gratis bustad Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå God opplæring og fagleg rettleiing Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb#sommarjobbnordfjord KontaktinformasjonSynnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS døgn, 57 86 43 35 Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS rus, 57 86 43 42 ArbeidsstadSjukehusvegen 9 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5213421555 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 21.06.2027 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane.
Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.