About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi har behov for ferievikar for LIS 1/medisinstudent med lisens i perioden f.o.m veke 25 t.o.m veke 33. Det vil vere behov ved ulike seksjonar ved SNR Hjelset og i Molde: Akuttpsykiatri SNR Sikkerhetspsykiatri SNR Psykosebehandling SNR Allmenn- og Alderspsykiatri SNR Poliklinikk psykis helse DPS Molde Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov.
Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasienter, pårørende og kollegaer Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Trivleg arbiedsmiljø Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar For meir informasjon om vår region, sjå her . KontaktinformasjonGeir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5213558142 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Les meir om oss på www.helse-mr.no