Now hiring

Vik kommune har ledig 100 % vikariat som tenesteleiar ved Vik sjukeheim @ Employer

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vik kommune har ledig 100 % vikariat som tenesteleiar ved Vik sjukeheim, Vik helse- og omsorgssenter, frå snarast til januar 2028. Som tenesteleiar får du ansvar for demensavdeling, langtidsavdeling og korttidsavdeling med om lag 30 årsverk. I tillegg vil du ha ansvar for institusjonskjøkenet med om lag 3 årsverk. Du blir ein del av leiarteamet i helse- og omsorgstenesta og får ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene i kommunen.

Om arbeidsstaden Vik kommune er liten med om lag 2 600 innbyggjarar, men tenkjer stort. Helse- og omsorgstenesta er samla i nye og moderne lokale med sjukeheim, heimetenester, rehabilitering, omsorgsbustader, institusjonskjøkken, dagtilbod og tenester innan psykisk helse. Me har fokus på meistring, rehabilitering, demensomsorg og bruk av velferdsteknologi. Dette gir gode moglegheiter for samarbeid på tvers av fagområde og for å vere med på spennande og framtidsretta utviklingsarbeid.

Det er kort veg til Voss, Sogndal, Førde og Bergen. Me tilbyr Ei sentral leiarstilling med moglegheit til å påverke utviklinga av helse- og omsorgstenestene Eit godt og utviklande leiarfellesskap Arbeidsoppgåver Leie og vidareutvikle tenesta Drifts-, fag-, personal- og økonomiansvar Turnusplanlegging Avvikshandtering Bidra i kvalitets- og utviklingsarbeid Krav til kompetanse: Sjukepleiar, eller annan relevant høgskuleutdanning Leiarerfaring er ein fordel og kan i særskilde tilfelle vege opp for manglande sjukepleiarfagleg kompetanse.

Kunnskap om aktuelt lov- og avtaleverk Erfaring frå endrings- og omstillingsarbeid er ønskjeleg Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du er engasjert og positiv. Du skapar tillit og byggjer gode relasjonar. Du er ryddig, strukturert og systematisk. Du har gode samarbeidsevner. Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Løns- og tilsetjinsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato Andre opplysningar Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Søknadsprosedyre Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores