About this role
Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland? Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med på samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Stillinga er eit engasjement på to år i ei 100% stilling.
Hva vi ser etter Me ser etter deg som har har interesse for samfunn- og næringsutvikling. Om nokre av punkta me ser etter nedanfor høyres midt i blinken ut for deg, ynskjer me veldig gjerne å høyre frå deg. Arbeidsoppgaver Me jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv. KVA ME SER ETTER Me søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:
- Gründerskap/førstelinjeteneste . Du vil ha ansvar for å rådgjeve gründerar og legge til rette for små og store verksemder for å sikre eit variert og mangfaldig næringsliv.
- Reiseliv. Du har gjerne erfaring eller utdanning innan reiseliv. Me har konkrete handlingsplanar med eit mål om å vidareutvikle reiselivet i kommunen på eit berekraftig nivå.
- Omdømebygging . Du er gjerne god på kommunikasjon. Me skal profilere det gode arbeidet me gjer lokalt og regionalt. Nettverksbygging, kommunikasjon og representasjon er viktige område for oss.
- Prosjektarbeid . Om du har erfaring innan prosjektarbeid er det ein fordel. Mykje av arbeidet vårt er prosjektrelatert saman med andre lokale og regionale aktørar.
- Berekraft/ omstilling . Dette vil vere eit sentralt punkt og er grunnlaget for framtidas samfunnsutvikling i Årdal og i regionen.
Engasjementet varar i to år, med moglegheit for forlenging/fast stilling. Vi tilbyr Du får arbeide med interessante, spennande og allsidige oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold.
Me har kontor i Årdal Teknologi- og Næringspark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid. Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal -- midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo. Om arbeidsgiveren: Årdal Utvikling er organistert som ei stifting og er Årdal kommune sitt verktøy for gjennomføring av strategisk næringsplan. Gjennom dette arbeidet bidreg ein til berekraftig næringsutvikling med fokus på å legga tilhøva til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmoglegheiter, nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.