Now hiring

Sjukepleiar @ VOSS LEGEKONTOR

Voss, NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Voss legekontor søkjar sjukepleiar i 80 % vikariat frå 11.01.2027 tom 31.10.2027. Ynskjer du høgare stilling vil du få moglegheit til å arbeida ved ein av våre flotte institusjonar Om arbeidsstaden: Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg.Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.

  • Arbeidsoppgåver for sjukepleiar: Kundebehandling i ekspedisjon Triagering av legetimar etter legevaktsindeks Blodprøvetaking Injeksjonar og infusjonar Sår skift EKG, spiro- og audiometri Andre prosedyrar og arbeidsoppgåver etter behov Me søkjar etter: Deg som har norsk autorisasjon som sjukepleiar Det er ynskjeleg med erfaring frå legekontor og erfaring med journalsystemet Webmed Personlege eigenskapar: Imøtekommande og serviceinnstilt Gode samarbeidsevner Ansvarsbevisst Like å arbeide i team Fagleg dyktigheit Evne til å koordinera og planleggja Me tilbyr: Gode vilkår for fagleg utvikling Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Søknad Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.

I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg.

Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. Verdiane våre er: Profesjonell Påliteleg Skapande Inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores