About this role
Bli med på ei meiningsfull reise og gjer ein forskjell i livet til barn og ungdom! Ønskjer du å vere ein del av eit team som er dedikert til å forbetre og styrkje livet til barn og ungdom som treng hjelp og støtte? Er du oppteken av å støtte og rettleie unge menneske gjennom utfordringane deira? Vil du vere med på å utvikle og styrkje det psykiske helsevernet for barn og unge? Då har vi den perfekte moglegheita for deg!
På BUP Sentrum har vi no eit vikariat som psykolog. Vi på BUP Sentrum meiner vi har verdas viktigaste jobb. Vi arbeider nemleg med å gjere livet betre for barn, unge og familiane deira. Gjennom å forstå vanskane dei kjem til oss med, behandle plagar som kan behandlast, og leggje til rette for at utfordringar blir meir handterlege, får vi vere eit positivt bidrag i mange menneske sitt liv. No søkjer vi etter ein engasjert psykolog som vil vere med på å vidareutvikle visjonen vår om å tilby best omsorg og behandling.BUP Sentrum er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling til barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar.
Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar og ambulante tenester. Nokre tilbod er organiserte i tyngdepunkt som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.BUP Sentrum er ein allmenn barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk som held til på Strandkaien, midt i Bergen sentrum. Vi har utsikt til Bryggen og Fløyen, og hurtigbåtane til Kleppestø, Frekhaug og Knarvik legg til like utanfor døra.
Det er kort veg til busssamband på Torget og til bybanestoppet i Byparken, og heile tilbodet i Bergen sentrum ligg innan gangavstand frå poliklinikken. I opptaksområdet til BUP Sentrum, som omfattar bydelane Årstad og Bergenhus og Eidsvågneset i Bergen kommune, bur det om lag 12 000 barn og ungdommar. Poliklinikken har rundt 35 tilsette med ulik fagleg bakgrunn, og er inndelt i tre aldersdelte team. Vi er ein av tre poliklinikkar med klinikkovergripande tyngdepunktfunksjonar for eteforstyrringar, og vi er den einaste poliklinikken som har hatt tyngdepunktfunksjon for sped- og småbarn.
- Vi søkjer no psykolog til å arbeide med aldersgruppa 7-18 år.Kven er du?
- Vi har ledig eit vikariat som psykolog for deg som ønskjer å gjere ein forskjell i livet til barn og unge.
- Du trivst i tverrfaglege team og synest systemarbeid er både spennande og viktig.
- Du trivst òg med ein travel og fleksibel arbeidskvardag.
- Du har gode evner til å organisere eigen arbeidskvardag og prioritere oppgåver ut frå behov og faglege vurderingar.Du er omgjengeleg og sosial, og oppteken av å bidra til eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og har det godt saman, samstundes som vi leverer tenester med høg fagleg kvalitet.
- Du trivst med å samarbeide med foreldre og ser verdien av å byggje gode relasjonar, også i komplekse situasjonar.
- Du møter foreldre med respekt og tryggleik, og opplever samarbeidet med dei som ein viktig og meiningsfull del av behandlinga.
- Psykologar med erfaring frå BUP blir særleg oppmoda til å søkje.
- For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, både skriftleg og munnleg.
- Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
- Den som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. helsepersonellova § 20 a.