About this role
Vi har ledig eit vikariat som miljøterapeut i Rustenesta, i 50% stilling frå 01.01.27 - 31.12.27Arbeidet er på dagtid, med flexitid. Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg og har kontor ved Omsorgssenteret i Volda. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgnteneste til heimebuande og Myra bufellesskap