About this role
Vil du vere med og skape gode dagar for barn? Fagteamet i barnehagane i Klepp kommune søkjer fagarbeidarar med oppstart snarast mogleg. Fagteamet arbeider for at barn med behov for ekstra støtte skal få gode, trygge og utviklande dagar i barnehagen. Gjennom spesialpedagogiske tiltak og andre nødvendige støttetiltak følgjer vi opp mål som er fastsette i sakkunnige vurderingar og vedtak. Vi er opptekne av å sjå det enkelte barnet sine ressursar og moglegheiter, og arbeider kvar dag for å skape gode opplevingar, meistring og tilhøyrsle i fellesskapet. Som tilsett i fagteamet får du vere med på eit viktig arbeid som kan gjere ein stor forskjell i barn sine liv.Vi ser etter deg som har eit stort hjarte for barn og som ønskjer å bidra til at barn får oppleve tryggleik, meistring og utvikling i kvardagen.
Hos oss får du arbeide tett på barna i kommunale og private barnehagar i Klepp kommune. Vi er opptekne av nærvær, relasjonar og tidleg innsats, og vi ønskjer medarbeidarar som trivst i direkte arbeid med barn. Som fagarbeidar i fagteamet vil du vere ein viktig støttespelar for barn som treng litt ekstra oppfølging for å få best mogleg utvikling og deltaking i barnehagekvardagen.