About this role
Orstad naturbarnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.04.2026Vi ser etter deg som brenn for å skape gode barndomsminner, og som ønskjer å jobbe i eit miljø med fokus på natur, leik, utforsking og trygge relasjonar. Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Hjå oss er leik, mestring, samarbeid og nærleik til naturen ein naturleg del av pedagogikken. Vi er eit fagleg engasjert personale som jobbar målretta for å skape eit innkluderande og godt barnehagemiljø.
Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare læring. Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn.