Now hiring

Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud- hals @ Helse Bergen HF, Personal- og organisasjonsavdelingen

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset.

Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlingaArbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov. Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste.

Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut. Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuell indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores