Now hiring

Helsefagarbeidar 80 % og 90 % fast stilling @ Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon langtid

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og gjere ein forskjell kvar dag? Ved Herøy omsorgssenter får du bruke kompetansen din til å skape tryggleik, trivsel og gode dagar for pasientane våre. Vi søkjer no to engasjerte helsefagarbeidarar som ønskjer å vere ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på omsorg, samarbeid og kvalitet. Hos oss blir du ein viktig del av teamet på langtidsavdelinga. Saman arbeider vi for at pasientar skal få ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag.

Vi legg vekt på fagleg utvikling og godt samarbeid Vi har følgjande faste stillingar ledige:80 % stilling i 3-delt turnus, med langvakter på 12,5 timar kvar 4. helg.90 % stilling i 2-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Stillingane er for tida i langtidsavdelinga ved Herøy omsorgssenter. Herøy omsorgssenter er lokalisert på Eggesbønes og består frå 30.11.26 av:seksjon langtid: somatisk sjukeheimseksjon seksjon blå: seksjon for personar med demensDen nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar, tidlegare raud og grøn seksjon. Vi skal sikre ei heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til pasientane våra, tverrfagleg samarbeid og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane.

Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter. Stillingane er ledig frå 30. november 2026.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores