Now hiring

Dommarfullmektig @ Hardanger og Voss tingrett

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du ha ei stilling der du får arbeide med eit breitt spekter av juridiske oppgåver og ta del i eit viktig samfunnsoppdrag? Som dommarfullmektig får du rask oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Arbeidskvardagen vekslar mellom straffesaker, sivile tvistar og andre saker tingretten behandlar. Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utvikle deg både som menneske og jurist. Du vil arbeide sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene.

Du blir del av eit fellesskap med flinke og hyggelege kollegaer som samarbeider, støttar kvarandre og deler kunnskap. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt. Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben må du kunne setje deg raskt inn i ulike problemstillingar, ta gode avgjerder og halde tidsrammene. Du møter menneske i ulike livssituasjonar og må kunne møte dei med respekt, også når situasjonen er krevjande.

Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g. På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre dommarfullmektigar presenterer jobben sin.

Tinghuset er på Lofthus, og vi gjennomfører rettsmøte i rettssalane våre på Voss, i Norheimsund og i Odda. Stillinga inneber reising med bil til desse rettsstadene. Du må ha førarkort klasse B og disponere bil til bruk i tenesta. Hardanger og Voss tingrett har tre dømande stillingar, medrekna domstolleiar, og tre saksbehandlarar. Hos oss vil du få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores