About this role
Velkomen til Gvarv skule, avdeling Rubinstep. Rubinstep er ein forsterka eining med skule- og SFO-tilbod for barn med ulike funksjonsvariasjonar i Midt-Telemark kommune. Rubinstep er eit tilbod for grunnskuleelevar (1.-7. trinn) som har behov for individuelt tilrettelagt opplæring. Elevane på Rubinstep har ulike funksjonsvariasjonar og har behov for tettare oppfølging i kvardagen sin. På bakgrunn av dette treng dei eit strukturert skuletilbod som tilpassast individuelt til kvar enkelt elev!
Elevane som har sitt skoletilbod knytt til Rubinstep har også tilhøyring i ein ordinær klasse ved skulen og deltar i klassen i varierande grad etter føresetnader og behov. Det skal arbeidast kontinuerleg med inkludering og dagleg samarbeid med elevane sine klassetrinn og SFO.I tillegg har avdelinga eigne samlingar og aktivitetar, arbeidsøkter, fysisk aktivitet, ADL-trening og turar i nærmiljøet, m.m.På Rubinstep arbeider vi i fagrupper rundt kvar enkelt elev (pedagog/spesialpedagog, primærkontakt og fagarbeider 1-2), der vi tar utgangspunkt i den enkelte elevs ressursar og moglegheiter. Det vil alltid arbeidast for å gi elevane best mogleg vilkår for optimal livskvalitet, kommunikasjon, samspel og deltaking i sitt eige liv.Stillinga gjelder både SFO og skoledelen på Rubinstep, Gvarv skole.