About this role
Vanylven kommune har ledig stilling som fagleiar for teknisk sektor. Vi søker etter ein samfunnsengasjert, handlekraftig og resultatorientert leiar som blir sentral i arbeidet med å utvikle kommunen. Du må ha ambisjonar om å gjennomføre nødvendige omstillingar for å sikre ei digital og berekraftig utvikling av kommunale tenester. Fagleiar teknisk vil bli ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og skal følgje opp politiske og administrative vedtak. Som fagleiar får du det overordna fagleg ansvaret som ligg til teknisk sektor Teknisk sektor har totalansvar for områda veg, VAR, vedlikehald, arealplanlegging, landbruk/vilt, miljø, kart, oppmåling, prosjektering, byggjesakshandsaming og brann- og beredskap.
Som fagleiar teknisk vil du få høve til å vere med på leiing og gjennomføring av store og spennande prosjekt. Per i dag arbeider kommunen mellom anna med nytt skulebygg ved Fiskå skule samt mottak av tunnelmasse frå Stad skipstunnel. Stad skipstunnel vil skape stor utvikling av områda rundt, og for Vanylven vil det skape ringverknadar og nye spennande moglegheiter for kommunen.