Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidar @ TVEIT SKULE / NISSEDAL UNGDOMSSKULE

NO094, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane i Nissedal er opptekne av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap, og skal førebu elevane til vidare studie og arbeid. Skulen er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.

  • Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule og SFO er det no ledig stilling som barne-og ungdomsarbeidar (60% fast- med moglegheit for auke) og miljøarbeidar (100% fast).
  • Arbeidsoppgåver Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidaren vil jobbe både i skulen og ved SFO, og må kunne: følgje opp elevar som treng bistand i skulekvardagen, både praktisk og fagleg. følge opp elevar med spesielle behov og utfordringar samarbeide tett med lærarar om undervisningsopplegg og prosedyrer samarbeid tett med føresette Kvalifikasjonar Krav til den tilsette: Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere andre typer fagkompetanse og realkompetanse.
  • Erfaring frå arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
  • Erfaring frå arbeid med elevar med spesielle behov Krav til miljøarbeidar: God kunnskap og erfaring med ukrainsk og norsk språk Personlege eigenskapar Vi vil vektlegge: God relasjonskompetanse og erfaring med gruppeleiing Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
  • At søkar er personleg skikka for stillinga.
  • Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt.
  • Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar.
  • Tålmod og kunnskap til å stå i krevjande situasjonar med elevar som har spesielle behov og utfordringar.

Interesse og kunnskap om bruk av IKT Vi tilbyr Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar. Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane. Eit godt arbeidsmiljø Anna: Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25 KontaktinformasjonMarius Vøllestad, Rektor, +47 35048482 ArbeidsstadSolås 2 3855 Treungen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5208664884 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 25.11.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.

Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen.

Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores