Now hiring

Fastlegeheimel @ SOGNDAL KOMMUNE PLAN OG SAMFUNN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Det er 2 ledige fastlegeheimlar Sogndal kommune. Oppstart etter avtale. Leikanger legekontor har 3 fastlegar (2 spesialistar i allmennmedisin), samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne sjukepleiarar. Sogndal legesenter har 13 fastlegar (8 spesialistar i allmennmedisin), samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniør. Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering. Me tilbyr fast rettleiar, hjelper med utdanningsplan, legg til rette for oppnåing av læringsmål og gir kompensasjon for fråvær for utdanning.

Kommunen eig og driv legesentera. Dei fleste legane er sjølvstendig næringsdrivande med forsterka 8-2-avtale. Nokre av legane har fastlønnsavtale med 20% incentiv. Avtaleform og listelengde er fleksibelt. Legevakta er for tida 17-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter. Me har legevaktbil og godt samarbeid med lokal ambulanse. Arbeidsoppgåver: Allmennmedisinske oppgåver som fastlege.

  • Kommunal bistilling inntil 20%.
  • Kvalifikasjonar: Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg.
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling.
  • Gode evner til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Høg arbeidskapasitet.

Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar. Sogndal kommune Sogndal kommune har ca. 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Kommunen ligg ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for friluftsliv med alt frå topptur på ski til båtliv på fjorden. God kommunikasjon med eigen flyplass med direktefly til Oslo og Bergen. Kommunen er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar, samt to vidaregåande skular og høgskulen på Vestlandet.

Kommunen har stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar og rikt tilbod innan idrett- og kultur. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret.

Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores