Now hiring

Sande omsorgssenter har ledig 100 % stilling som @ SANDE OMSORGSSENTER

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.

Vi har ledig: 100 % stilling i 1 års vikariat som helsefagarbeidar Arbeidsoppgåver: ansvar for heilskapleg pleie, omsorg og behandling av pasientane sikre dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar samarbeide med pasienter samarbeide med pårørande og medarbeidarar rettleie og gje støttestamtalar legge til rette for aktivitet Kvalifikasjonskrav: norsk autorisasjon som helsefagarbeidar beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg Vi søker deg som har ønske og glede av å arbeid med menneske med ulike hjelpebehov er fagleg engasjert og vil utvikle gode tenester evnar å jobbe sjølvstendig og i team er løysingsorientert og fleksibel er strukturert og ansvarsbevist er lojal og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr deg: drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre pasientnært og fagleg fokus spanande og faglege utfordringar leiing som er nær rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 7 000 per år til fagarbeidar i omsorgssenter kompetansetillegg for relevant vidareutdanning moglegheit for langvakter Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det.

Det er høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.

Før tilsetting må søkar kunne levere politiattest uten merknader.

Du søker elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores