About this role
Om stillinga Masfjorden kommune søkjer etter reinhaldar i 100% fast stilling frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta. Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
- Me ser etter deg som Har erfaring frå reinhaldsoppgåver Er arbeidsam og fleksibel Møter brukarane med respekt og positiv innstilling Har førarkort klasse B For søkarar med anna morsmål enn norsk er det krav om minimum nivå B Det er ikkje krav til utdanning i stillinga, då opplæring vil bli gjeve.
- Har du fagbrev innan reinhald, helse eller omsorg vil dette vere positivt Arbeidsoppgåver Praktisk hjelp i heimen, som reinhald, klesvask, enkel matlaging, innkjøp med meir.
- Det kan også vere aktuelt å hjelpe nokre av brukarane med enklare personleg pleie og påkledning.
- Me tilbyr Varierte og interessante arbeidsoppgåver Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Oppdatert utstyr og hjelpemiddel i arbeidet Løn i samsvar med avtaleverket God pensjonsordning gjennom KLP Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda.
Les meir om ordninga her Om arbeidsgiveren: Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes. Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.