Now hiring

Miljøveileder med vernepleiekompetanse @ BYE AVD SYKKYLVEN VGS

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Sykkylven vidaregåande skule søkjer miljøveileder med vernepleiekompetanse i 100 % fast stilling frå 1. januar 2027. Miljøveilederen skal vere ein del av elevtenesta og bidra til å sikre eit trygt, inkluderande og tilpassa opplæringstilbod for elevar med samansette behov. Stillinga skal styrkje skulen sin kompetanse innan miljøarbeid, åtferdsstøtte og habiliteringsfagleg arbeid, med særleg ansvar for oppfølging av elevar som har behov for tett og systematisk tilrettelegging. Miljøveilederen skal arbeide både direkte med elevar og indirekte gjennom rettleiing av tilsette, samarbeid med føresette og koordinering med eksterne faginstansar. Stillinga skal vere sentral i utvikling og gjennomføring av tiltak etter prinsippa for Positiv åtferdsstøtte (PAS), og bidra til å styrkje det tverrfaglege arbeidet rundt elevane.

  • Arbeidsoppgåver Oppfølging/opplæring av elevar med samansette behov og utfordrande åtferd.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak etter PAS-prinsippa.
  • Rettleiing og støtte til lærarar, fagarbeidarar og andre tilsette.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
  • Samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar Delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid ved skulen.
  • Medverke til førebygging og handtering av utfordrande situasjonar.
  • Bidra til opplæring og kompetanseheving av personalet.
  • Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg Kompetanse innan eller erfaring frå arbeid med personar med utfordrande åtferd.
  • Erfaring med PAS, miljøterapeutisk arbeid eller habilitering er ønskjeleg.
  • God relasjonskompetanse og evne til å arbeide systematisk og tverrfagleg.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å rettleie andre.
  • Spesialpedagogisk kompetanse innan autismespekter og ADHD er ønskjeleg Personlege eigenskapar Vi søkjer ein medarbeidar som er trygg, robust og løysingsorientert.
  • Du må kunne byggje gode relasjonar, arbeide sjølvstendig og samstundes vere ein aktiv bidragsytar i teamarbeid.
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Dette gir ei brei stillingsutlysing som både dekkjer behovet knytt til PAS og elevoppfølging, samstundes som stillinga kan nyttast fleksibelt ved framtidige behov ved skulen. Vi tilbyr Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaerVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområdeTett samarbeid med PPT, kommune og spesialisthelsetenestenMoglegheit for fagleg og pedagogisk utviklingOffentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)Løn etter gjeldande avtaleverk Ver merksam på at det må leggast fram gyldig politiattest før tilsetting (jf. opplæringsforskriften § 12-15)

KontaktinformasjonStig Gunnar Støylen, Ass rektor, 92217556 Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045 ArbeidsstadKyrkjevegen 6 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5204507314 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 17.11.2026 Om arbeidsgiveren: Blir du med å utviklar regionen saman med oss?

Sykkylven vidaregåande skule Om skulen (sykkylven.vgs.no) I hjartet av skapargledebygda finn vi Sykkylven vidaregåande skule. Her møter vi engasjerte og oppdaterte lærarar som legg til rette for god læring, trivsel og meistring. Med omlag 250 elevar er vi akkurat passe stor; liten nok til eit inkluderande fellesskap, men også stor nok til mangfald. Skulen har fleire varierte utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, samt elektro og datateknologi.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores