Now hiring

Faglærar, Restaurant og matfag @ BORGUND VIDAREGÅANDE SKOLE

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst til å undervise ved ein av dei største og mest moderne vidaregåande skulane i fylket? Ønskjer du å vere ein del av eit engasjert fagmiljø som samarbeider tett for å gi elevane meistring og motivasjon for å bli yrkesklar? Då kan du vere den læraren vi ser etter.

  • Borgund vidaregåande skole har ledig 100 % fast stilling som faglærar i Restaurant- og matfag frå 01.03.27, eller etter avtale.
  • Arbeidsoppgåver Som lærar i Restaurant- og matfag vil du: Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplananeVurdere elevar sitt arbeid og gi tilbakemeldingar som fremjar læring og utviklingSamarbeide med arbeidslivet og følgje opp elevar i praksisBidra i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeidVere ein aktiv del av eit lærarkollegium som legg vekt på samarbeid og deling av erfaringar Kvalifikasjonar Har undervisningskompetanse innan Restaurant- og matfagHar fagbrev innan eitt eller fleire av matfagaHar god digital kompetanse og kan nytte IKT som ein naturleg del av undervisningaRelevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning (PPU-Y, Yrkesfaglærarutdanning (YFL) eller tilsvarande) er ein føresetnad for fast tilsetjing.
  • Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning.
  • Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein medarbeider som: Har gode samarbeidsevner og trivst med å lære saman med andreByggjer gode relasjonar til elevar og kollegaerSer og følgjer opp den enkelte elevTrivst i arbeid med ungdomEr tålmodig, positiv og rausEr engasjert i faget sitt og ønskjer å bidra til eit godt læringsmiljø Vi tilbyr Eit sterkt og inkluderande fagmiljøModerne fasilitetar og godt utstyrte undervisningslokaleEngasjerte kollegaer og tett samarbeid i avdelingaMoglegheiter for fagleg utviklingEin variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med på å forme framtida til ungdomane våreGode pensjons- og forsikringsordningar.

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar. Bli med og inspirer morgondagens fagarbeidarar i restaurant- og matbransjen! Anna: Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Den som blir tilsett må levere politiattest. KontaktinformasjonSissel Brennholm, Fagleiar Restaurant og matfag/kantina, 93202318 Roger Fylling, Rektor, 93441678 ArbeidsstadYrkesskolevegen 20 6011 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5207675465 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 22.11.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest. Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores