Now hiring

Driftsmedarbeidar bygg og eigedom @ BØMLO KOMMUNALE EIGEDOMSSELSKAP AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me søkjer ein praktisk og allsidig driftsmedarbeidar med erfaring frå bygg og vedlikehald. Stillinga omfattar dagleg drift, tilsyn og vedlikehald av BKE sine bygg og eigedomar, både innvendig og utvendig. Du vil arbeide tett saman med driftsansvarleg, som også vil vere din næraste overordna.

Hva vi ser etter Me ser etter deg som har erfaring frå bygg, vedlikehald eller handverksfag, og som trivst med praktisk og variert arbeid. Fagbrev innan byggfag, målarfaget eller anna relevant handverksfag er ein fordel, men relevant praktisk erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Du må ha førerkort kl.

B. Arbeidsoppgaver Praktisk vedlikehald, mindre reparasjonar og bygningsmessige utbetringar Måling, overflatebehandling og anna innvendig og utvendig vedlikehald Plenklipping, stell av grøntområde og anna vedlikehald av uteareal Tilsyn med bygg, eigedomar og tekniske anlegg Registrering og oppfølging av feil og vedlikehaldsbehov i BKE sitt FDV system Kontakt med leigetakarar, brukarar og leverandørar Ved behov praktisk oppfølging av handverkarar og eksterne tenesteleverandørar Bestilling av materiell og mindre arbeid innanfor avtalte rammer Bidra til å ivareta den daglege drifta ved fråvær hos driftsansvarleg Vi tilbyr Ei stilling med ein variert arbeidskvardag og mange ulike oppgåver innan bygg, eigedom og vedlikehald Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid God opplæring og støtte frå kollegaer Løn og arbeidsvilkår etter avtale Om arbeidsgiveren: Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) er eit kommunalt aksjeselskap, heileigd av Bømlo kommune.

BKE eig og forvaltar 156 kommunale utleigebustader, næringseigedom og tomter, med ein samla verdi på om lag 219 mill. kroner. Hovudoppgåva til BKE er å tilby kommunale utleigebustader, trygde- og omsorgsbustader til personar som har behov for bistand på bustadmarknaden. Utleiga skjer i samarbeid med Bømlo kommune. Selskapet kan også utvikle, drifte, vedlikehalde og forvalte andre eigedomar til kommunale føremål. BKE er ein liten organisasjon med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid. Me held til i Hollundsdalen på Bømlo.

Skills

FDV system

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores