About this role
Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø? Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til ei fast helgestilling med arbeid kvar 2. helg i vår rus- og psykiatriteneste. Hos oss får du moglegheit til å arbeide innan eit spennande og meiningsfylt fagfelt, der du bidreg til å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar for menneske med utfordringar knytt til rus og psykisk helse. Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet i tenestene.
Stillinga passar godt for studentar innan helse- og sosialfag, fagarbeidarar eller andre med interesse for arbeid innan psykisk helse og rus. Arbeidstid : Kvar 2. helg, med moglegheit for ekstravakter etter avtale.
- Arbeidsoppgåver Du skal bidra til å styrkje brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging.
- Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: Oppfølging av brukarar i eigen bustad Miljøterapeutisk arbeid, støttesamtalar og relasjonsbygging Rettleiing og støtte i daglege gjeremål Motivasjonsarbeid som fremjar meistring og sjølvstende Planlegging og gjennomføring av aktivitetar Medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar Observasjon og oppfølging av psykisk og somatisk helse Dokumentasjon og journalføring i fagsystem Samarbeid med pårørande, kollegaer og aktuelle samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Interesse for arbeid innan rus- og psykisk helse Erfaring frå helse-, omsorgs- eller sosialfagleg arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Grunnleggande digitale ferdigheiter Førarkort klasse B Attester og vitnemålVi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din.
Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk.
Vi gjær oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og ser etter deg som: møter menneske med respekt, openheit og omsorg har evne til å byggje tillit og skape gode relasjonar er trygg og sjølvstendig i arbeidshverdagen tek ansvar og bidreg til gode løysingar samarbeider godt med andre og bidreg positivt til arbeidsmiljøet er fleksibel og løysingsorientert Vi er opptekne av å finne rett person til stillinga. Evne til relasjonsbygging, engasjement for brukargruppa og motivasjon for å bidra til gode tenester vil bli tillagt stor vekt.
Studentar innan relevante helse- og sosialfaglege utdanningar vert oppmoda til å søkje Vi tilbyr Eit meiningsfylt arbeid i eit viktig samfunnsoppdrag Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø God opplæring og moglegheit for fagleg utvikling Løn etter tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Gunstige studentavtalar ved arbeid i definerte sommarveker Gratis parkering, bedriftsidrettslag og andre personalgode KontaktinformasjonIngeborg Røthe Lekve, Avdelingsleder, +47 45721377, [email protected] ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 KLEPPE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5206211204 Stillingsprosent: 26,42% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 30.11.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette.
Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.