Now hiring

Helsefagarbeidar - fast stilling ved Giske omsorgssenter @ GISKE OMSORGSSENTER

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig fast 80% stilling som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Stillinga er ledig frå 25.01.2027 og inngår for tida i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, totalt tre avdelingar med 30 plasser. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkkenet, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringa lokalisert. Personalet ved Giske omsorgssenter har tett samarbeid med desse tenestene. Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeider som kan sikre god pasientbehandling og utføre oppgaver etter gjeldande lover og forskrifter, og som også vil bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.

Ta gjerne kontakt per telefon om du har spørsmål. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

  • Arbeidsoppgåver Vanlege oppgåver i bukollektiv med heildøgns pleie-og omsorgstilbod.
  • Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
  • Gjerne med erfaring og/eller tilleggsutdanning innan psykiatri.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper. Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbetringsteam. Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. KontaktinformasjonSofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316 Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535 ArbeidsstadValderøya 6050 VALDERØYA Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5208559264 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 25.01.2027 Søknadsfrist: 26.11.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya.

Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores