Now hiring

Jobbkonsulen tilrettelagt arbeid @ FURENE AS AVD VOLDA

Volda, NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du ein yrkesbakgrunn som du tenkjer kan være relevant og eit sterkt ynskje om å bidra til at personar finn sin plass i arbeidslivet? Vi ser etter deg som: Er trygg på deg sjølv og likar å vere med å bygge relasjonar Likar å utfordre, bidra til løysingar og ha forventningar til andre og deg sjølv Likar å vere ilag med og rundt alle typar folk Meistrar å ha mange ballar i lufta, samstundes som du har eit klart kunde- og resultatfokus Er god både på munnleg og skriftleg framstilling Er positivt opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø Kjenner godt til arbeidslivet i 7-stjerna - kommunene vi jobbar i Arbeidsoppgåver : Følge opp arbeidstakarar som har sin arbeidsstad i Furene, TA-tilsette, (personar som har behov for tilrettelagt arbeid) i Furene og dei som i tiltak ute hjå andre arbeidsgjevarar Kontakt og oppfølging av arbeidsgjevarar i samband med praksisplassar, arbeidsutprøving og arbeidsformidling.

Karriererettleiing og oppfølging av personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid Samarbeid med NAV m.fl Skriftleg rapportering etter gjeldande krav Undervisning i mindre grupper Samarbeid med lokalt næringsliv om framtidas kompetanse og opplæringsbehov og vegen fram til formell komptetanse Kompetansekrav: Bachelor, fagbrev eller tilsvarande - fagområder kan til dømes vere marknad og sal, HR, helse og sosialfag, pedagogikk Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye digitale verkty og system Førarkort kl B Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt Vi kan tilby: Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt og skapande miljø både i Furene og gjennom vårt medlemsskap i Kopano Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar Gode pensjons- og forsikringsordningar Opplæring i relevante verkty Aktivt trivselslag Det er krav til bruk av eigen bil i arbeidet.

Politiattest vil bli kravd ved tilsetjing.

Spørsmål til stillinga kan rettast til Furene AS ved personalleiar Gro-Lise M. Rise på telefonnr.

97487094 Registrer søknad på: Ledige stillingar Furene AS Søknadar vert behandla fortløpande Søknadsfrist snarast Om arbeidsgiveren: Furene AS er ei av landets omlag 115 arbeids- og inkluderingsbedrifter med hovudkontor i Furene Industriområde i Volda, og avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik. I Furene AS set vi den einskilde person sin ståstad og kompetanse i sentrum. Vi søkjer å styrkje den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom avklaring, kvalifisering, rehabilitering og ikkje minst motivasjon til å tru på eigne ferdigheiter.

Slik skaffar vi næringslivet kompetent arbeidskraft. Dette vert gjennomført ved at deltakarane får prøve seg i ulike arbeidssituasjonar både i våre lokaler eller ute hos eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom arbeidspraksis får deltakarane trening i ulike jobbsituasjonar med rettleiing, tilrettelegging og rådgjeving under heile prosessen. Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i attføringsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores