Now hiring

Kultur og innbyggjartorg @ ØYGARDEN KOMMUNE INNBYGGJARTORG

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

  • Vil du vere med å drifte BUA på Ågotnes?
  • Arbeidsoppgåver Betene BUA i opningstida – låne ut og ta imot utstyr Svare på e-postar/telefon Sjekke utstyr og sørge for vedlikehald Rydde og halde orden på lageret Administrere utlån i BUA-systemet Marknadsføre BUA lokalt og på sosiale media BUA Øygarden har opningstid tysdag og torsdag frå 12.00-18.00, og fredagar frå 10.00-14.00.

I samband med vinter- og påskeferie har vi utvida opningstider til kl. 20.00 på tysdagar og torsdagar.

I travle periodar kan det vere aktuelt å jobbe meir enn 40%.

  • Kvalifikasjonar Erfaring frå butikk (gjerne sportsbutikk) eller andre serviceyrke Du må kommunisere godt både skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk Høgare utdanning er ikkje påkrevd Personlege eigenskapar Vi søkjer ein serviceinnstilt person som samarbeidar godt med andre Du må vere påliteleg, ryddig og strukturert Du tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast Du har god gjennomføringsevne Du er interessert i og har erfaring med friluftsliv Kjennskap til turløyper, skiforhold, fiskeplassar m.m. i vår region er ein fordel Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta.

Vi tilbyr Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for innbyggjarane Samlokalisering med fritidsklubb og kulturskule på Frihuset, eit aktivt miljø Godt arbeidsmiljø Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt! Rådgjevar Frivilligsentralen Julia Valeska Woehlert tlf. 907 19 143 [email protected] Avd.leiar Ung kultur – Hilde Kristin Egeland, tlf. 97 58 51 42 [email protected] Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga.

Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores