Now hiring

Me ynskjer deg! @ GJERNES SKULE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Gjernes skule søkjer vikariat som fagarbeidar/assistent frå 03.01.2027. Som fagarbeidar/assistent i skule og SFO er du "limet" i kvardagen for elevane. Stillinga er knytt til arbeid på småskulesteget og i SFO, så du vil følgje elevane gjennom heile dagen. Du hjelper med oppgåver, du er med på stikkball, du sett plaster på albogen, du trøyster når livet går i mot. Du er varm, kan setje grenser og likar deg i lag med elevar!

Om arbeidsstaden: Gjernes skule, ein skule der me er viktige for kvarandre! Me er 152 kjekke elevar og 25 vaksne som saman lagar skulen fin!

Me tilbyr : Trivsel på arbeidsplassen! Meiningsfulle arbeidsoppgåver. gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår stillingsstorleik 80% i stilling som følg skuleruta, etter SFS 2201 pkt. 3.5.

Kvalifikasjonar: Fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Anna relevant utdanning/erfaring blir vurdert Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er eit pluss Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Me ynskjer deg som: er motivert for stillinga og er eigna for jobben som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane er god på samarbeid ynskjer å ta ansvar er ein tydeleg vaksen Arbeidsoppgåver: oppfylging av borna i undervisning, aktivitet og leik både i skule og SFO vera med på å oppretthalda og utvikla eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta samarbeida med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane hjelpa til med daglege gjeremål, oppmuntra, snakka med, rettleia, støtta og motivera elevane hjelpa elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutt blir best mogleg Vere ein omsorgsfull rollemodell Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt.

Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores