Now hiring

Overlege psykiatri @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF DPS SUNNMØRE DØGNSEKSJONEN VEGSUND

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer ny kollega ! DPS Vegsund døgnseksjon har ledig 100 % fast stilling for overlege innan voksenpsykiatri Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit tverrfaglig behandlingsteam med 2 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, 1 psykolog, legar i spesialisering innan psykiatri, psykiatrisk sykepleiere, fysioterapeut mfl. DPS Vegsund døgnseksjon har ansvar for pasientar i Møre og Romsdal. Det er omlag 50 000 innbyggar som sokner til vårt DPS. Vi har pr i dag 17 døgnplassar, der to av plassane er brukarstyrte plassar.

Pasientgruppa er vaksne over 18 år med psykiske lidingar som psykose, affektive lidingar, depresjonar mm. Vi tek imot både elektive innleggingar frå kommune og spesialisthelsetenesta samt overføringar frå sjukehuset. Vi følge også opp pasientar på TUD. Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke psykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen.

Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege diskusjonar i vår team. Vi arbeider aktivt med miljøterapi med pasientane og tilstreber å ha eit godt samarbeid internt og eksternt. Vil du vere med på laget vårt?

Send oss ein søknad! Arbeidsoppgåver Diagnostisk utgreiing og behandling Individuell og tverrfagleg behandling Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse Internt samarbeid og rettleiing Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing Pårørandesamtalar Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak Psykoedukasjon for pasientar og pårørande Deltaking i bakvaktsordning for overlegar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Lege som er spesialist innan voksenpsykiatri Lege som er i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri kan og vere aktuell for stilling Må meistre norsk munnleg og skriftleg Erfaring frå undervisning- og rettleiingsverksemd Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing Personlege eigenskapar Du har god språkleg framstillingsevne Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor Du må ha god fysisk og psykisk helse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

KontaktinformasjonSiw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, [email protected] ArbeidsstadVegsundvegen 68 6020 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5204833888 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.

Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.

Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores