About this role
Sunde skule er ein barneskule i Sunnfjord kommune med om lag 150 elevar. Vi arbeider for å skape eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø der alle elevar opplever meistring, utvikling og tilhøyrsle. Tilsette ved skulen samarbeider tett for å gi elevane ein trygg, god og meiningsfull skulekvardag.
Vi har ledig: 100 % vikariat for fagarbeidar eller assistent frå 01.01.2027 - 31.07.2027 Stillinga følger skuleåret.
Lønsprosenten vert 89 %.
Om stillinga: Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til arbeid i skule og SFO. Stillinga inneber tett oppfølging av elevar med særskilde behov, mellom anna elevar med autismespekterforstyrring (ASF). Arbeidsoppgåvene omfattar: dagleg oppfølging og støtte til elevar i undervisning og friminutt bidra til tryggleik, meistring og sosial utvikling støtte elevane i kommunikasjon og samhandling med andre samarbeid med lærarar, føresette og andre fagpersonar deltaking i SFO-tilbodet Vi ser etter deg som trivst med å arbeide tett på enkeltelevar og bidra til tryggleik, kommunikasjon, meistring og utvikling i skule og SFO.
Kvalifikasjonar: barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for faget god munnleg og skriftleg framstillingevne på norsk godkjent politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding har god fysisk form som gjer deg i stand til å følgje opp elevane gjennom ein aktiv skulekvardag Det er ein fordel om du har: erfaring frå arbeid med elvar med autismespekterforstyrring (ASF) erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) erfaring frå arbeid i skule, SFO eller liknande verksemd Vi søker deg som: har interesse for og motivasjon til å arbeide med elevar med særskilde behov møter utfordrande situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte har gode samarbeidsevner og samtidig arbeider sjølvstendig og strukturert er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr: eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for elevane samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.