Now hiring

Miljøveiledar - Orstad læringssenter @ Klepp kommune, Orstad skule

Klepp StasjonOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til at elevane ved Orstad læringssenter får ein lærerik kvardag? Orstad læringssenter har ledig ei fast 100 % stilling med oppstart snarast mogleg.NB: Fram til sommaren 2027 vil arbeidsstaden vere ved Tu skule / SFO. Frå 01.08.2027 vil arbeidsstaden vere ved Orstad læringssenter / SFO. Orstad skule er ein 1-10.- skule med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Skulen har omlag 320 elever og 65 tilsette. Skulen ligg i flotte omgjevnader like ved turområde som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Orstad læringssenter har no 14 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov.

Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsetjingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar. Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledarar og pedagogar. Læringssenteret har og eit SFO-tilbod. Tu skule er ein 1.-7. skule med 200 elevar. Skulen ligg lokalisert på Kåsen, på grensa mellom Klepp og Time kommune. Tu skule og SFO har behov for miljøterapeut fram til 31.07.27. Stillinga er knytt til ein elev som har behov for ein til ein oppfølging i skule og SFO. Den tilsette har arbeidsstad på Orstad læringssenter frå 01.08.27.

Det blir tett samarbeid med Orstad læringssenter våren 2027.Klepp kommune sin visjon "Med blikk for alle!" er overordna for begge skulane. Ved begge skulane arbeider me for å skape eit trygt og inkluderande fellesskap der alle elevar får oppleva meistring, trivsel og læring. Som miljøveiledar vil du ha ei viktig rolle i dette arbeidet.Me vurderer søknadar forløpande og oppmodar deg til å søke så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores