About this role
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS-vikar i perioden 21.06.2027-15.08.2027Legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet.
Om seksjonenLegane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi har òg fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS. Eit fagmiljø i utviklingHelse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar.
Vi ser fram til å motta søknaden din!