About this role
Matforsyning i Helse Førde har ledig stillingar ved Førde sentralsjukehus: Kokk: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtaleMatvert: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtale Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Førde sentralsjukehus? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som del av i eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet. Vi produserer og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskaféar. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelige arbeidsplassar på alle lokasjonane. Arbeidsstad for begge stillingane er Førde sentralsjukehus