About this role
Miljøarbeidar til Bore skule og SFO (2 vikariat i 100 % stilling)Er du ein miljøarbeidar med eit varmt hjarte og eit klokt hovud? Då ynskjer Bore skule og SFO å koma i kontakt med deg! Ved Bore skule og SFO har du no ein unik moglegheit til å bli ein del av eit dyktig og engasjert arbeidsfellesskap. Vi søkjer etter medarbeidarar som kvar dag ønskjer å gje barn positive opplevingar, byggja trygge relasjonar og delta aktivt i leik og meiningsfulle aktivitetar.Om Bore skuleBore skule er ein PALS-skule (Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling) med mål om å styrkja elevane si faglege og sosiale meistring gjennom positiv anerkjenning og ros.Skulen har 376 elevar, og av desse går 132 på SFO.
Kvar elev er unik, og mangfaldet vårt er ein viktig styrkje og ressurs når vi byggjer inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring. Visjonen vår er: Blikk for alle! Bore skule er lærebedrift i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og tek imot studentar i praksis frå barnevernspedagog- og sosionomutdanninga ved Universitetet i Stavanger. Hos oss arbeider vi saman i eit sterkt læringsfellesskap, der kvardagen er prega av gode kollegaer, eit mangfald av fantastiske barn og meiningsfulle arbeidsdagar.