About this role
Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord? Er du ein person som brenn for å gjere ein forskjell i menneske sine liv – spesielt når livet er som vanskelegast? Ønskjer du å bidra til at folk opplever respekt, likeverd, medverknad og omsorg i møte med psykiske utfordringar? Då kan dette vere akkurat den jobben du har venta på!
Seksjon Døgn har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.02.2027. Vi har 12 sengeplassar og eit tverrfagleg team på om lag 30 tilsette. Teamet består av psykologspesialist, overlege, klinisk sosionom, lege i spesialisering, vernepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom, helsefagarbeidar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og helsesportspedagog. Stillinga inneber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg, eller moglegheit for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter. Hjå oss får du: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljøMoglegheit til å påverke og utvikle tilbodet til pasientaneEin variert arbeidskvardag med pasientnært arbeidEin meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjellLes meir om Nordfjord psykiatrisenter her.