About this role
Klepp kommune søkjer tilkallingsvakter til arrangement som vil bidra til at Plogen kulturhus blir ein aktiv og inkluderande møteplass for heile Klepp. Du får ansvar for at publikum blir tatt i mot på ein god måte, både når det gjeld arrangementsavvikling og sikkerheit. Arbeidsmengda vil variere og arbeidsoppdrag vil skje ved tilkalling. No står nye Plogen kulturhus klart for opning, med bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb, kulturskule, kafé og kultursal. Klepp får ein splitter ny og moderne kultursal, tilrettelagd både for det frivillige kulturlivet og for profesjonelle produksjonar. Me satsar på å få til ein sal med høg aktivitet, eit variert, spanande og mangfaldig program og ikkje minst høg deltaking frå gode kulturkrefter i regionen.