About this role
Vi søker ein engasjert og dyktig sjukepleiar i vår prosjektstilling fordelt på Herøy og Myrvåg legesenter i frå første moglege dato. Vi ser etter deg som likar å jobbe med prosjekt og utvikling, og har gode samarbeidsevner. Prosjektet heiter: "Styrking av allmennlegetenesta i distriktskommuner."Prosjektstillinga er ei deltidsstilling på 60%. Det kan leggast til rette for ein kombinasjon med 40% stilling i heimetenesta dersom søkar ønska det. Ei slik kombinasjonsstilling kan også være ein fordel sett opp mot målsetninga til prosjektet. Målsetninga for prosjektet er å få betre samhandling mellom fastlegane, og samarbeidspartnarar, mest inn mot kommunal helseteneste, som til dømes heimetenesta.
Kjennskap til arbeid ved legekontor og/eller heimesjukepleie vil vere ein fordel. I tillegg er det ønskeleg å få implementert gode rutinar for sjukepleiearbeid ved legesentera. Arbeidsstad vil vere begge dei kommunale legekontora i kommuna, i tillegg til administrasjonstid for del som høyre til prosjekt. Prosjektstillinga er i utgangspunktet treårig, med atterhald at tilskotet vert vidareført i statsbudsjettet. Tilsetting vert difor eitt år om gongen.
Herøy legesenter har faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har også ein LIS1-lege og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim. Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over fleire år. I tillegg til LIS1, er her fire fastlegar, der alle legane er spesialistar i allmennmedisin.