About this role
Likar du ein variert arbeidskvardag der du får hjelpe både pasientar, pårørande og kollegaer? Då kan du vere den vi leitar etter.
Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører helsesekretær- og pasientadministrative oppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, augeavdeling, kvinneklinikken, kirurgisk avdeling, ortopedisk avdeling, dagkirurgisk senter samt skopi- og kirurgipoliklinikken.
Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.01.2027Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad, og ofte den første kontakten pasienten har med sjukehuset. Vi ser etter deg som møter pasientar, pårørande og kollegaer med openheit og hjelpsamheit. Du vil ha ei viktig administrativ rolle i pasientforløpet og bidreg til at kvardagen fungerer godt for både pasientar og behandlarar på sjukehuset. Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi.Er du tilsett i Helse Førde og ønskjer å gjere gjeldande fortrinnsrett til stillinga, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.