Now hiring

Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. Lillegjerdet @ Ålesund kommune

Ålesund, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye sjukepleiar på Lillegjerdet? Vil du ha ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkompetansen din, bli kjend med bebuarane og bidra til gode dagar? Hos oss får du faglege utfordringar, gode kollegaer og ein turnus med samanhengande friperiodar.Vi søkjer ein sjukepleiar til 100 % fast stilling ved avdeling Lillegjerdet på Spjelkavik omsorgssenter. Ein av våre dyktige sjukepleiarar går snart av med pensjon, og no håpar vi at du vil bli vår nye kollega!

Om avdelingaLillegjerdet er ei langtidsavdeling med ni bebuarar. Du får ei viktig rolle i å sikre heilskapleg pleie og omsorg, gjere sjukepleiefaglege vurderingar og bidra til ein trygg og god kvardag for kvar enkelt.Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø der vi samarbeider, deler kompetanse og støttar kvarandre i kvardagen.

Ein turnus med rom for fritidHos oss får du:100 % fast stillingLangvakter på inntil 13,5 timarArbeid kvar fjerde helgTurnus over 52 veker med samla friperiodarBli ein del av laget vårt! Spjelkavik omsorgssenter har 55 sjukeheimsplassar fordelte på sju avdelingar, og du blir ein del av eit større fagmiljø med eit felles mål om å gi bebuarane gode og trygge tenester.

Stillinga er ledig frå 1. februar 2027, eller etter avtale.

Har du lyst til å gjere ein forskjell – og samtidig få ein turnus med rom for livet utanfor jobb? Vi håpar å høyre frå deg!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores