Now hiring

Overlege onkologi @ Helse Førde

Førde, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Onkolog i Førde - bli del at eit fagmiljø i vekst og utvikling. Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som overlege innan onkologi. Det er mogleg å få fast tilsetting etter endt vikariat. Kreftbehandlinga er i rask utvikling, og vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innanfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp. Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost med 10 senger innan onkologi, hematologi og palliasjon, i tillegg til poliklinisk verksemd.

Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar.Vi har idag åtte overlegestillingar fordelt på tre onkologar, fire hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt fem legar i spesialisering. Stillinga inngår i ei 6-delt vaktordning: kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg- og høgtidsdagar. Kreftavdelinga i Helse Førde har eit sterkt forskingsmiljø med mange moglegheiter for tilsette. Avdelinga deltek i fleire nasjonale og internasjonale kliniske studiar, og har også eigne studiar som blir leia av overlegar og forskarar i avdelinga.

Fokuset i studia ligg i stor grad på å forbetre tilpassa/personsentrert behandling. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt og fleire overlegar og sjukepleiarar har doktorgrad eller tek doktorgrad ved sida av klinisk arbeid. Frå 2028 skal Helse Førde også få medisinstudentar som ein del av «Vestlandslegen». Det vil då vere mogleg å bidra i undervisning eller opplæring.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores