About this role
Vil du vere med å opne dører til arbeid, utdanning og deltaking i samfunnet? Vi søkjer etter lærar til vaksenopplæringa, der undervisninga er knytt til norsk og samfunnskunnskap for vaksne deltakarar i Svelgen og Kalvåg. Stillinga er eit vikariat frå 01.12.26 - 20.09.27 Som lærar hos oss får du ei viktig rolle i å hjelpe menneske med ulik bakgrunn til å utvikle språkferdigheiter, forstå samfunnet dei lever i og skape nye moglegheiter for seg sjølve og familiane sine. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø som arbeider for at alle skal få dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen og delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv.