About this role
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehus har behov for sommarvikarar i perioden 14.06.2027-31.08.2027. Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinskfaglege utfordringar og høve til å utvikle deg i eit godt arbeidsmiljø.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde.Du vil få oppgåver knytt til sengepost, visittgang og vaktarbeid på medisinsk sengepost.
På alle vakter har du erfaren overlege i bakvakt.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg inst i Sognefjorden med gode kommunikasjonar til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.