About this role
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe i Psykiatrisk klinikk. Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Psykisk helse angår alle.
Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. Psykiatrisk klinikk tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år.
- Klinikken vår består av Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling for Stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Regional Avdeling Spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri.Vi har ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk med oppstart frå sommaren ved: Stillingane har 2-delt turnus og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt.
- Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 søker sjukepleiar/vernepleiar. 2-delt turnus og kvar 2. helg i sommarperioden* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3/S4/S5 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og kvar 3. helg i sommarperioden* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1/PAM2 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden
- Seksjon for Alderspsykiatri, døgneining søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helgKandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Psykiatrisk klinikk, pt i sommarturnus ved ein avdeling.
Frå hausten 2027 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved annan avdeling i Psykiatrisk klinikk.
- Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga.
- Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33.
- Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.