About this role
Hovudoppgåver Som skrivar vil hovudoppgåvene dine vere det administrative i organisasjonen, mellom anna det daglege økonomiarbeidet, og arbeid med medlemene våre og lokallaga. Du vil òg arbeide mykje med dei sosiale media våre og nettbutikken vår. Du vil i hovudsak arbeide tett med leiar og sentralstyret på kontoret i Oslo.
Kjennskap til rekneskapsarbeid, er eit pluss, men ikkje eit krav for stillinga. Det kan bli aktuelt med noko reising.
Arbeidsspråket er nynorsk. Vi søkjer deg som: har røynsle med administrativt organisasjonsarbeid jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert samarbeider godt, er ein god lagspelar og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø er kreativ og ikkje redd for å dele idear har høg arbeidskapasitet Vi kan tilby: godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver fleksibel arbeidstid og ein kontorplass i Oslo sentrum opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver pensjonssparing og felles lunsjordning verdas beste sak!
Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader. Stillinga er 100 prosent. I søknaden kan du skrive litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV. Søknadsfristen for stillinga er 22. november , aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju fortløpande. Ønskt arbeidsstart er desember 2026. Send søknad og CV til [email protected] Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren: Om Norsk Målungdom Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekta si og å skrive nynorsk. Vi er om lag 1200 medlemer fordelt på lokallag over heile landet. Kvifor jobbe i Norsk Målungdom? Norsk Målungdom er meir enn berre ein arbeidsplass; det er eit engasjert og inkluderande fellesskap der du kan gjere ein skilnad for nynorsken, dialektene og språkmangfaldet. Som tilsett i Norsk Målungdom vil du få sjansen til å jobbe i lag med ei dedikert og entusiastisk gruppe menneske som brenn for saka.
Å jobbe i Norsk Målungdom gjev deg høve til å utvikle deg både fagleg og personleg, og du vil kunne bidra med dine eigne idear og initiativ i ein engasjert ungdomsorganisasjon. Skrivarstova held til i Oslo sentrum, i Dronningens gate 22, 0154 Oslo. Det er to folk på skrivarstova i Norsk Målungdom: leiar og skrivar. Vi deler kontorlandskap med moderorganisasjonen vår, Noregs Mållag.