About this role
Høydalsmo skule har ledig vikariat på omlag 60% som fagarbeider frå 01.01 - 2027 og fram til 25.06 - 2027.Høydalsmo skule er ein 1-10 skule med 60 elevar og om lag 14 årsverk for pedagogisk personale.På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
- Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: [email protected] eller mob.: 922 16 608 Arbeidsoppgåver* Oppfølging og støtte av elevar i skuletida* Deltaking i aktivitetar og leik i SFO* Bidra til eit trygt og inkluderande miljø* Samarbeid med lærarar, andre tilsette og føresette* Praktiske oppgåver knytte til skule- og SFO-kvardagenKvalifikasjonar* Godkjent barne - og ungdomsarbeider/andre med relevant fagbrev.
- Ufaglærte med erfaring kan også søkje.* Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, slik at du kan kommunisere godt med elevar, føresette og kollegaer.
- Personlege eigenskapar* Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.* Vera engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg.* Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringar.* Vera ansvarsbevisst og sjølvstendig.
- Vi tilbyr Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.* Eit godt arbeidsmiljø.* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar.* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Andre opplysningar: Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
- Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil vi nytte same søkjarliste.
- Vi i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn.
- Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
- Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
- I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
KontaktinformasjonTone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406 ArbeidsstadEidsborgvegen 1795 3891 Høydalsmo Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5206542973 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 22.11.2026 Om arbeidsgiveren: Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.