About this role
Ved sengeposten Psykosebehandling SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig sjukepleiar, til ei 100 % nattstilling. Som nattvakt hos oss vert du ein del av et godt fag- og arbeidsmiljø, som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding. Vi ønsker deg som vil vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod. Den nyoppretta sengeposten tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk.
Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Sengeposten Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei bredt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).
- Arbeidsoppgåver Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag, gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering Administrere og følge opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter Vere ein del av psykiatri- og habiliteringsbyggets nattevaktsteam, med blant anna utrykning på fellesalarm Delta aktivt i dialog med andre tilsette (psykiater, lege, psykolog, sjukepleiar, helsefagarbeidar) via munnlege rapportar og journalføring for å videreføre viktig informasjon Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring Delta på fagdagar og anna opplæring Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg Førarkort klasse B (personbil) Personlege eigenskapar Du er fagleg sterk og engasjert i arbeidsmiljøet Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med tverrfagleg arbeid Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar Du arbeider sjølvstendig Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
- Vi tilbyr Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling Sterkt tverrfagleg samarbeid Fagdag, MAP-kurs og fagtid på dag inkludert i turnus Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Sterkt tverrfagleg samarbeid KontaktinformasjonIngunn Romundstad Innerdal, Seksjonsleder, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5203651430 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell?
Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal